torsdag 23. desember 2010

God jul!


Då e da vorte jul i rede.
Små og store gledar seg te den store dagen.
Ute lave snøen ner, so julestemning mangle me ikkje.
Konepone har pynta og prøvd å gjera da koselig i rede,
inni mellom lege og sykehus besøk.

Blåbærlyng og kristtorn e kjempe fint å pynta med. Eg va so heldig å få masse av snille Magny :)


Då håpe eg alle får ei gledelig og fin jul.
Og med nokre fleire bilde frå rede,
ønske eg deko alle ei god jul, og eit godt nyttår!!

Gamle juletrekuler er kjempe fint, og de treng ikkje henga på treet :)



Juleklemmer frå Christine




torsdag 9. desember 2010

Opp og ner, og julestri



Nett innom for å gje eit lite livstegn.
Den ikkje den heilt store bloggalysta for tide, 
men eg håpe den kjem att..
Dagane går opp og ner.

Kroppen e full av mange kilo ekstra vatn, men da går då øve :)
So ska ein jo prøva å laga litt advent og kosa seg oppi alt og.
Har laga litt julepynt, og nokre julegaver, og i dag
har eg hatt pappa so privatsjåfør og fått unna de siste julegavene.
Da hjelpe veldig på :)



I måro ska eg på Haukeland for ein liten operasjon, 
men kjem heim att i måro ettermiddag.
Rekne med at da kjem nokre daga med litt vondt, 
men ser ikkje so mørkt på da :)

Ønske deko alle saman ei god helg.
Tenk at me snart e halveis i desember....


Klemmer frå Christine





torsdag 18. november 2010

vellyka tur, og julemodus :)



På søndag kom eg haeim att frå ein veldig vellykka London tur!!
Eg klarte å vera med på da mesta av opplegget,
og formen og ryggen har vore samarbeidsvillige :)
Da blei både shopping, kafe, gode middaga, gode samtala, litt avslapping,
workshop, og heile to knall bra musicala, og so dumpa eg midt oppi 
lansering av Katy Perry`s parfyme!!
Denne turen va absolutt medisin, og eg e SSSOOOO glad for at eg reiste!

I London va da julestemning te 1000, so no har den smitta øve på meg.
Eg planlegg adventskalendere, adventspynting, julebakst,
julemat og sjøllaga julegaver.
I dag har eg til og med sneke meg te å høyra litt julemusikk..
adventstida nærmar seg, og denne tida e te for å nytast!!!


 Litt stemning på spisebordet. Raudt og kvitt er so fint saman, og desse
fargane e jul e for meg.


Litt ny innkjøpt. Klarte sjølvsagt ikkje å laver å setta da fram.
Desse maileg nissane e jo berre sooo fine.

No ska eg setta meg i godstolen og nyta litt nyinnkjøpte juleblad.
Godt med litt inspirasjon :)



Ønske deko alle ein finfin dag!

Klemmer frå Christine





onsdag 10. november 2010

London, here I come!!


Då e den stoore dagen her.
Dagen for avreise te London.
Og eg e i bra nok form te å vera med!!
Tudddeeelliiiduuuu :)
Eg glede meg veldig, men må ta da litt med ro.
So no e kofferten pakka, og eg glede meg!!


Då vil eg ønska deko alle ei fortsatt finfin veka,
og ei knakande god helg!!


 
Klemmer frå Christine

torsdag 4. november 2010

Du grønne glitrande tre god dag..


Neida, eg e ikkje heilt på ein julesnurr :)
Men te tross for kraftig regn og høststorm,
so e julestemningen begynt å komma snikande.
Då passa da bra at snille og gode Magny banka på døre mi
med ein overrassking.

Va ikkje årets første "juletre" skjønt?

Men ikkje nok med da!!
For seinare på dagen kom dattere hennar og banka på døre.
Magny hadde vore på tur i skogen og laga de finaste hjerte.
Og so hadde ho tenkt på meg.


1000 1000 takk, Magny!
Eg set veldig stor pris på begge desse to fine gavene.
So kjekt å få inn litt frå naturen når eg ikkje har klart å komt meg ut sjøl :)

No står pannekake på menyen te kveldsmat.
Litt høstkos ein torsdagskveld :)


Klemmer frå Christine





tirsdag 2. november 2010

Bråstopp...


Innom for å sei hei oppi alt.
Eg e her, men bloggelysta har svikta litt..
Og so har eg litt andre ting å tenka på..
For før helga blei eg innlagt på akutten, på nevrolgen.
Ryggen svikta heilt, da va rett og slett bråstopp og masse smerte.
De vurderte operasjon.
Men pga at eg går  på cellegift,
blei eg fraråda dette so sant da ikkje va heilt kritisk..
So no e eg litt utslått og knaske gode smertestillande :)

Litt stæsj frå ei hylla i stova. Da små servise fekk eg av mamma i sommar. Da e kjøpt i Usa.
Dei raude barneskoa brukte hanepane då han va liten.

So for ikkje å gå heilt av skafte pga kjedsomhet,
sendte eg i går hanepane på biblioteket
og panduro med ei lang handlelista.
Eg hadde tenkt ut ein del eg skulle sy, men symaskin på senge
går likssom ikkje heilt an- eller..So dei prosjekta får venta litt.

Brødre i krig og kjærlighet, alvor og leik.

So no får eg rett og slett smørja meg med endå meir tålmodighet,
og satsa på at detta sig fort av att. Ska jo snart te London..
da går nesten ikkje med ein ødelagt rygg..

Ønske deko ei fortsatt finfin veka :)

Klemmer frå Christine

onsdag 27. oktober 2010

Jentetur


I helga va eg på den lenge etterlengta og planlagte jenteturen te Oslo.
Me var seks jenter på tur.
 Og eg trur me koste oss alle sammen.
Godt med eit avbrekk frå kvardagsleg mas, jobb, heim.
Me koste oss med god mat, masse god prat, godt selskap,
og selvfølgelig litt shopping :)
Ein tur oppom slottet måtte me og.
Godt å vandra på Karl Johan i deilig og fint høstver :)

...litt dårlig billed kvalitet, men men..


I går va eg og fekk ny kur på Haukeland. Blodprosenten min va vorte litt for lav,
so ein blodoverføring måtte eg ha og..og eg so e sooo skeptisk te sånt..
Men da gjekk no bra.
Da so ikkje e so bra, e at ryggen har begynt å trøbla seg att..
Men, da går vel øve denne gongen og.
Eg har iallefall ingen plana om at da ska stoppa meg,
for eg e i full gong med å tenka ut masse ting og tang eg ska kosa
meg med å laga te advent og jul :)
Da hjelpe å tenka positivt, sjøl om da ikkje alltid e so lett...




Då ønske eg alle ei fortsatt finfin veka :)

Klemmer frå Christine





søndag 17. oktober 2010

Flaksing og Green Gate



Eit lite livstegn frå meg.
Da har gått opp og ner og i fullfart i da sista.
Da har vore flaksing mellom fritidsaktiviteta, bringing, henting,
dårlig form, haukeland...
Formen min har vore litt opp og ner,
og da e godt å sjå at ungane klare seg litt sjøl.
De veks jammen meg fort te..
minstemann- so ikkje e so liten lenger- informere mamma og
pappa rett so da e at han klare sjøl.
Både godt og vemodig på ein gong..
Blir litt sånn at hanepane og konepone set litt nervøse på
sidelinja innimellom og lure på
om fugleungane si flaksing kjem te å gå bra eller rett på trynet..
men de har vel godt av å læra og prøva seg litt på egenhånd..?..
Me har lært at da har lett for å gå godt.


Da so e godt no når hausten gjer skikkelig inntog,
e å ha noko å sjå fram te. Og da har eg :)
Te helge ska eg på ein lenge planlagt jentetur te Oslo!
2.5 veka etterpå ska eg te London på studietur med jobben!!
2.5 veka etter da ska hanepane og eg ei langhelg te
Trondheim på julebord!!!
Og so e da advent og førjulstid!!!!
WOW so heldig eg e midt oppi alt :)
For eg ska innrømma at da e både tunge, harde daga, og gode, fine daga.
Og bloggelysta har ikkje vore til stades..
Men med litt positivitet og noko å sjå fram te,
e da utrulig ka ein kan komma seg gjennom :)


 Detta bildet e av mine siste shopping funn.
For på fredag va eg i so pass form at eg klarte å få med meg opninga
av den nye Anemone butikken.
Den va berre heilt utrulig lekker!! Og soooo masse fint frå Green Gate!

Ynskjer alle ei knallfin veka :)

Klemmer frå Christine







tirsdag 5. oktober 2010

Pakka i posten!!



I dag fekk eg ei hyggeleg overrasking i posten!
For nokre daga sia bestilte eg meg ei hekla hua hjå Janne Merethe,
med den flottebloggen Janne`s lille sted.
Ho e ei kreativ og flink jenta med ein superduper blogg :)

So når eg kom heim om ein tur frå sjukehuset i dag,
låg da ei pakka og venta på meg.
Da va den flotte hua eg bestilte. Eg hadde bestilt lilla,
med ein blomst so skulle vera i lys lilla.
Og sånn blei resultatet:


Hua va kjempe flott, Janne Merethe! Akkurat sånn eg ville ha den.
So no gler eg meg litt te kjøligare daga, sånn at eg kan bruka hua i lag med de fine lilla selbuvottane mine. Då blir eg so fin atte :)


Men ikkje nok med da!
For Snille Janne hadde sendt med ein liten gave i tillegg:


Lekre øyredobba so ho har laga sjøl.
Og Janne, de e sooo meg!!!  :)
1000 1000 takk!!

So vil eg ønska alle ei toppers veka!
Sjøl e eg litt spent på korleis resten av veka mi vert..
Eg begynte på ein ny typr medisin i dag, og forlpig går alt bra :)
I måro ska eg få eit anna stoff. Den kan eg få meir bivirkninga av, men eg satse på da besta!

Tuddelidu, eg e plutselig tilbake :)

Klemmer frå Christine







lørdag 2. oktober 2010

Regnværsbollebakedag



I dag har regnværet komt tilbake te Bergen,
og hausten e på full innmarsj.
Eg syns ikkje da gjer so masse.
E so koselig å kunna stulla rundt inne og kosa seg.
Eg like hausten eg :)

So i dag fant eg fram vidunder maskina mi.


Kenwood`en min.
Den har vorte min redning når da gjeld bollebaking.
Før va bollane mine so harde at de kunne ta livet av nokon..
Men no, no e da verdensbeste bolla!


So om eit par tima e da lørdagskos i sofaen med guttane mine,
og Brannkamp på TV.

Ungane lade opp med å bygga lego.



So vil eg takka for alle fine kommentara og heiarop
eg har fått på mine siste innlegg.
Uten deko hadde ikkje blogging vorte da samma.
Eg set STOOOOR pris på deko :)
1000 1000 takk te alle sammen :)

Ha ei fortsatt finfin helg!!


Klemmer frå Christine






fredag 1. oktober 2010

Loppis bord og helg



Då va da helga igjen.
Syns vekena rase avgårde.
I dag skulle eg egentlig vore på Haukeland og tatt ein del prøva,
men de ringte meg i formiddag for da hadde vorte kluss med timen min...
Litt kjedelig, for eg skulle begynt på ny medisin på mandag og va spent..
so no må eg ta prøva mandag, og begynna med den nye kuren tirsdag og onsdag..
Men men. Då fekk eg nyta finaveret litt :)
Forrige helg va eg på loppis.
Då kjøpte eg meg eit lite bord.
Detta e no malt og har fått nye knotta. Eg blei veldig fornøyd sjøl :)

FØR:


ETTER:


Bordet har fått litt lim, nokre strøk maling og nye knotta. 
Øve bordet heng ein kjole mamma brukte når ho va lita.
De små sandkakeformene og hjerteformene har eg kjøpt av Madelen med den flotte bloggen Bettum Villa. Ho e ei kreativ jenta, so ta ein tur innom på bloggen hennar med å trykka her *****
1000 takk for kjøpet, og rask levering, Madelen :)
 

Då vil eg ønska alle sammen ei knakande god helg!
Tuudddeeellllliiiiidddduuuuu :)


Høst klemmer frå Christine






torsdag 30. september 2010

Nye skatta



For dei so har fulgt litt med på bloggen min,
so e skattejakt noko av da kjekkaste eg veit.
Mange skattejakter har foregått i mamma og pappa sitt hus,
og ein skulle tru at huset va renska for godbita no.
Men neida, da e ikkje tomt endå :) 
For nokre daga sia kom pappa med ein gammal stol,
og ein gammal original margarin kasse eg har gått å sikla etter lenge.
Kassen har hengt i skykka/ uthuset i 50år, so eg va redd den va ødelagt.
Men pappa e handyman nr.1, og da e ikkje ein ting han ikkje kan fiksa :)
Både stol og kasse trengte litt førstehjelp og ein kattevask,
 og då va pappa rette mannen. 
Berre sjå kor fine de blei!!

Eg e so fornøyd og glad for de. 1000 takk pappa!


Foreløpig får de stå sånn, men eg e ikkje heilt sikker på stylinge..
ka syns de..?

Dei to siste vekene har formen min vore bra, og da e godt å kjenna at kroppen
virke litt att etter gammalt :)
Ønske deko alle ein toppers høstdag :)
Sjøl ska eg ut på terrassen og nyta nok ein flott dag. Sånt gjer energi :)

Klemmer frå Christine





onsdag 29. september 2010

Husfred

Ein grønn liten blome kan brukast te so mangt.
Kanskje ikkje på sjølve husfreden..


Sjøl når da e skår i gleden, kan den faktisk brukast te noko.
Eg fant jo detta skjønne servise på loppis på lørdag, og eg klarte ikkje gå i frå da.
Sjøl om berre ein kopp va heil..men eg tenkte at eg heilt sikkert kunne bruka de te noko,
 og da kunne eg jo :)


Ein fin liten grønn husfred.
Eg delte den i to, og vips fekk eg brukt to av koppane :)
So no har eg ein skjønn liten husfred på pianoet,
og ein i ei hylla saman med eit gammalt brudebilde.


So gjenstår da å sjå om den kan hjelpa på sjølve husfreden ;)

Har litt skatta eg har lyst å visa deko og, må berre få de på plass først.
Og so e loppis bordet mitt ferdig malt, og snart på plass :)

Ønske alle sammen ei fortsatt fin veka.

Klemmer frå Christine


lørdag 25. september 2010

Loppis!

Det er ein knallfin haustmorgon, og tre jenter stabler seg tidlig på beina og
 inn i ein liten druegrønn bil.
Me er sooo klare for loppemarked og skattejakt.

Då me kom fram var det berre te å finna fram spisse albuer og streng mine.
Men av og te blei me ståande litt utafor og sjå forvirra på korleis folk
kan opptre på eit loppemarked.
Me følte oss litt som dei stakkarane so står i matkø i fattige land...
Folk va rett og slett smågal!!

Diverse servise, kanner, bestikk, karaffel, klokke, møbler og
kjøkkenting blei pruta på og betalt.



Sjølv fant eg eit super skjønt servise, men sidan folk hadde gått litt amok i uopna kassa, va ein del av det vorte knust eller fått skår. Men eg kan bruka noko av da til ulike små prosjekt og stillebein. Eg klarte berre ikkje å gå i frå da..


Ei sånn klokka har eg sett etter ei stund,
og i dag vart dennne mi for berre 20 kroner!!

Bordet som tinga står på, fekk eg og for ein billeg penge. Dette ska de få sjå meir av ein anna dag. Da ska malast og få nye knottar først.

Etter å ha vorte dytta, skubba, dulta og stått forskrekka i ein krok for å få att pusten,
sette me oss godt tilrette i den druegrønne bilen att.
Det var godt med stillhet og albuerom.
Alle var einige i at da hadde vore ein fin, men strabasiøs loppetur :)

Ønske alle sammen ei fortsatt god helg :)

Klem frå Christine









tirsdag 14. september 2010

Tjoheisann!

Jadda, eg e her :)
E nett innom å ønske alle ei toppers veka!
Sjøl har eg da ikkje so verst, te tross for ny kur i går.
Ser lyst på livet, og tar ein dag av gangen. Da va den siste av de tøffaste,
so no satse eg på bedre tide, og har diverse reiser å sjå fram mot i løpet av hausten :) Eg gleder meg MASSE!!


Ei (nesten) alltid lika blid og fornøyd konepone. Detta bildet blei tatt i ein liten
koselig landsby i Danmark i sommar.

Ha ei toppers veka folkens.

Klemmer frå Christine

fredag 3. september 2010

God helg!

Kikke nett ein liten tur innom for å ønska alle saman ei knakande god helg!
Sjøl ha eg fått beskjed på å ta da med ro og slappa av.
Skal fylla skåler og glass med noko godt, og tenna levande lys :)


Sidan sist har eg vore ein tur på Haukeland te observasjon i to daga.
Blei so forkjøla og vondt i halsen, og når feberen kom snikande va de redd for infeksjon,
og ville ha meg inn til observasjon sidan eg slit litt med lavt immunforsvar pga cellegiftkurane.
Heldigvis fekk eg komma heimatt i går med beskjed om å ta da med ro,
og ha lav terskel for å ta kontakt viss da forverra seg.

Men i dag er eg betre, og ser fram te ei stille og rolig helg.
Fugleungane ska te besteforeldre, og konepone og hanepane
ska få på plass den nye superdupre senga si :)
I kveld ska me slappa av og kosa oss :)


Håpe de alle sammen har eit lika strålande ver so meg,
og at de får ei knakande go helg!


Klemmer frå Christine






onsdag 25. august 2010

Eit lite prosjekt

Da gjelde å ha noko lite å kosa seg med.
Da e faktisk utrulig ka so går an å gjera liggande.
Både strikking, klipping, lesing og liming går fint an, viss ein legg litt god vilje te :)
For ei tid sidan bestilte eg nokre wallstickers hjå Hilde Heimdal.
Og heldige meg fekk med eit ekstra!
Dette visste eg med ein gong ka eg ville bruka te, men da har likssom ikkje vorte..
Men her ein dag fant eg fram da eg trengte og benka meg i senge.
Og voila, her e resultatet:


No heng det over senga i lag med "Kyss meg alltid god natt".


Ei gammal ramma kan brukast te so masse :)

Då eg rydda på rommet vårt forrige veka, fant eg den gamle barnehagesekken min. Hadde heilt gløymt at eg hadde funne den på ei skattejakt
heima hjå mamma og pappa.
No har den fått seg ein fin plass ved konsollbordet mitt.




Takke alle sammen for gode og oppmuntrande kommentara. Da hjelpe på når formen e dårlig, og eg helst vil gje opp alt og grava meg ner..

Ha ein finfin onsdag :)

Klemmer frå Christine


søndag 22. august 2010

Hiv o hoi!

I to daga har me feira!
Tenk at minstemann, keiseren vår, allereie e vorte 4 år!
Tida går visst altfor fort..
Og da e ingen tvil her i heimen, han e ein sjørøver!
Både titt og ofta ljome Kaptein sabeltann sangen frå rommet.
Stasen va derfor stor då han fekk ein bærbar cd spelar med mikrofon!
So no har me konsert kvar dag.
Og då han i tillegg fekk alt da ein ekte sjørøver treng, va da ingen tvil om at feiringane hadde vore perfekt!


..og uten mat og drikke, duger sjørøveren ikke..


I måro begynne ei ny veka. Eg ska ha min 3. cellegiftkur, og e litt spent..
men da går sikkert bra denne gongen og :)

Då ønske eg alle ei toppers veka!
Hiv o hoi :)


Klemmer frå Christine

onsdag 18. august 2010

Frå rot og kaos til hobby og kontroll

I går begynte eg på eit prosjekt eg lenge har villa starta på, men ikkje orka.
Men no va motivasjonen på plass, kanskje fordi eg har lagt ein del i senge og gremma meg øve rot og kaos so har regjert der..so eg trossa smerter og fin ver og tok te- med klesskapet mitt. Gurimalla kor masse kle eg egentlig har so eg aldri bruke..Og når eg va midt oppi alt, kom eg te å tenka på kor masse rot da egentlig blir når ein ska prøva å gjera da ryddig..men resultatet blei strålande! Til og med hanepane va imponert.

FØR:

Snakk om rot og kaos..eg e nesten litt flau, men sånn kan da gå når konepone ikkje klare å rydda og ting berre sånn midlertidig blir lagt på skrivebordet..

ETTER:

Diverse bokser te oppbevaring av ting og tang ein treng for å sy. Boksane i metall er kjøpt på loppis i Danmark i sommar. Babushka boksane e kjøpt på Søstrene Grene i Stavanger.

Skatollet har besten min laga. Her lager eg smykker, kort og eg maler og teikner litt.

No glede eg meg te eg klare å sitta vanlig på stol so eg kan nyta plassen, og ha kontroll på hobbysaker :)

So vil eg takka for alle so har vore innom bloggen. Både dei so ha kommentert og dei so har kikka. 1000 Takk :)

So vil eg ønska deko alle saman ein toppers kveld :)

Klemmer frå Christine

torsdag 12. august 2010

Tålmodighet og strikketøy


Da e eit ordtak so sei at "tålmodighet er ein dyd". Og da stemme. 
I løpet av dei siste vekene har tålmodigheten min vorte ganske so tynnslitt..
Da krible i kroppen, og klør i fingrane etter å få utført nødvendig rydding og diverse prosjekt.
"Du må vera tålmodig", sei folk. Tålmodighet "in my ass"! Tenke eg. Unnskyld uttrykket, men da e sånn da føles..
So i dag tok eg m strikketøy og sette meg ut i den gode boden boden stolen.
Med strikketøyet i fanget, 17 grade og ei sol so leike gøymsel, slappe eg av og nyte stillheten, freden og utsikten. Ikkje da at me har so god utsikt..hverken te hav eller gull og grønne skoga..





Men medan eg set der, i skjul bak alle buskene, tenkte eg at livet da e faktisk heilt ålreit. So medan sole kikke meir og meir fram, fant eg ut at eg jammen meg ska smørja meg m berre pittelitt meir tålmodighet, nyta freden og strikkatøyet :)


Ha ein toppers avslutning på veko folkens, og tuddelidu :)


Klemmer frå Christine





torsdag 5. august 2010

Venna og bedre tider..

"Stille tar jeg hånden din, og klemmer den så.
Snill og god er du, av deg finnes det få.
I tankene får du en varm og god klem.
Ikke alle forunt å ha deg som venn."


Detta diktet fekk eg av ei av mine kjæraste og beste venna.
Da va den dagen eg skulle inn å få min andre kur.
Eg grudde meg ikkje, men va spent.
For ryggen og isjasen har slått seg skikkelig vrang.
Eg lurte på korleis eg i all verden skulle klara å sitta å ta ein kur, og korleis eg skulle komma meg frå bilen og bort i rett bygg..
Men på alle sjukehus har de rullestola!
Yahoo!! Fortare hanepane! Fortare! Full rulle og action i de underjordiske gangane. Ein har ikkje meir morro enn ein lage sjøl ;)
Og kuren gjekk so ein leik. E fekk ligga i ei varm og god seng,
og fekk både mat og drikka underveis:)
Men best av alt denne dagen, va diktet eg fekk av min kjære venn. Da e godt å veta at nokon tenkjer på ein når ein har det trasig og alt ser litt mørkt ut :)

Egeskov slott i Danmark, juli- 2010.

Da e litt frustrerande å ikkje klara noko enn å ligga å ta da m ro..eg so har so mange prosjekt so krible, so mange ting eg ønske å gjera når eg har hatt nokre slappe daga etter kur..men ein kan vel ikkje berre gje opp. For eg har jo positive ting å tenkje på, og masse å vera takknemlig for.
Blant anna so fekk eg TV på rommet i går. Ungane syns sjølvsagt da e litt urettferdig..
Og so har eg snille og gode venna og familie. I går va mamma og pappa her heile dagen. Dei vaska hus og kle, klipte plenen og malte hus. Titt og ofta tikka da inn meldinga på mobilen om at nokon tenkjer på meg. Det er små ting so gleder og varmar mitt hjarte. 1000 1000 takk te alle sammen!!! :)


Detta blei visst eit langt innlegg likave, men pyttsann! Når ungane e lagt, ska eg prøva å finna strikketøy. Kanskje da kjem eit innlegg om da seinare.
Hjelpe å halda på m noko, sjøl i liggande stilling:)

Ha ei fortsatt fin veka, og tuddelidu :)

Klemmer frå Christine

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails