fredag 27. januar 2012

God helg



Då er det fredag att.
Dagane raser avgarde.
Kvar blir dei av..?


Nye roser til helga.
Litt vårleg på bordet med fine roser.
Minner meg om vår og lysare tide :)


Og sjølvsagt litt sjokolade.
Lurer på kor lenge dei får stå i fred.. ;)




Ynskjer alle ei knakande god helg!!




Klem frå Christine



tirsdag 24. januar 2012

Krinkelkroker



I huset vårt er det mange kroker.
Krinkelkroker som egentlig berre er i veien.
Kroker som egentlig ikkje kan brukast til noko...

(Kroken før)

Men av og til dett små idèar ner i hovudet,
og då er det berre til å setje i gong!

(Kroken etter)

Då eg var sengeliggjande no,
datt ein slik liten idè ner.
Så mellom febertokter og hosterier
blei kroken satt ut i livet.


Allereie no er litt pynt bytta ut,
og "julestæsjet"  vekke.

Forandring fryder :)


Ønsker alle ein fin tirsdag :)



Klem frå Christine



fredag 20. januar 2012

Mugtail




Lenge har koppane frå mugtail vore ettertrakta.
Lange ventelister,
og tomme lager.


I haust då eg var i København,
var eg innom mange interiør butikka for å sjå etter herlegheten.
Men her hadde de ikkje høyrt om dei ein gong...


Eg gav leitinga litt opp,
og tenkte at eg fekk venta til "stormen" hadde roa seg.
Men til jul låg einav herleghetane under treet.
Den snille søstra mi hadde fått tak i favoritten min  ;)
Den er kjempe fin med levande lys i.
1000 takk snille søster! :)





Ønske alle ei lysande fin helg!



Klem frå Christine



mandag 16. januar 2012

Sukkersøtt maraton..




Denne helga har vore ein maraton..
Ein maraton av sukker, søtt og selskapligheta.
Fredagen var det juletrefest i barnehagen til minstemann.
I tillegg hadde mellomste 7 årsdag.
Så det blei nok sukker og søtt.


Lørdagen var det eldstemann sin tur.
Då hadde han 9 årsdag.
Dagen blei feira med mykje godt,
og mellomste hadde i tillegg barneselskap.
Nok ein dag med sukker og søtt..


Søndag var det eldstemann sitt selskap.
15 gutta høge på sukker,
som spelte fotball i kjellarstova,
eller leika krig i gangane.
Nok ein dag med sukker og søtt..
Men så lenge ungane er fornøgde,
går det meste :)



I dag er ei ny veka starta.
Eg har ingen andre plana enn å komma meg på beina att.
Det går sakte men sikkert på fram.
Problemet no er å ikkje hoppa for fort ut,
men å vera forsiktig så ein ikkje pådreg seg noko meir..
Ein kopp varm kakao med krem skal eg kosa meg med no.
(Må jo trappa ner sukker inntaket, kan ikkje slutta tvert..)



Ønske alle ein finfin mandag!



Klem få Christine



onsdag 11. januar 2012

Lykke er...




...å få pakka i posten :)
Forrige veka var eg så heldig å vinna
give away hjå Hilde S og Frøken Fryd.


Pakka var nesten litt for fin til å opne..
Men til tross for fin og vårleg innpakkning blei den sjølvsgt opna ;)


"Vintage by Nina".
For ein herleg premie!
Eg som ikkje pleie å ha vinnarlykke i heile tatt,
blei den heldige vinnaren :)


Herlege gamle esker med dei finaste 
fargar og mønster.


Og kven kunne ikkje tenkt seg ein slik herleg
og avslappande krok..


..eller ein flott og inspirerande
arbeidsplass.


Dette er favoritten min!!
Ein gammal og nostalgisk kjøkkenbenk..
Sukk..den som hadde ein slik..


Dette var nokre smakebitar frå boka.
Den kan absolutt anbefalast!! :)



Klem frå Christine



mandag 9. januar 2012

Lysare tider




Perleblomst.
Ein av dei finaste blomane som fins.
Samstundes er den eit teikn på vår og lysare tider.
Muscari Blue Magic.
Den er magisk...
Iallefall for meg :)


Når ein ligg sjuk i senga,
og syns at tidene er tunge og mørke,
er det godt med ei god venninne som tenkjer på ein.
Som stikk innom og ønskjer ein god betring.
Som i tillegg har med seg den herlegheten 
som minner ein om vår og lysare tider!


Og det vakraste kortet eg har sett på lenge!!
Jammen er eg heldig :)
1000 takk, Magny!



Ønskje alle ein vårleg og lys mandag :)



Klem frå Christine



søndag 8. januar 2012

Ommøblering..




...nei, det er desverre ikkje stova som har fått ny "look".
Men bloggen min :)

Litt julepynt på badet

Eg klarar framleis ikkje så mykje anna enn å halda senga..
Ein liten tur inn i stova,
(mest for å inspisera graden av rot)
er nok før eg må karra meg tilbake til senga..

Litt julepynt på skjenken

Bloggen har hatt den same "looken" sidan eg starta for 1,5 år sidan,
så det var kanskje på tide med noko nytt.
Eg knota ein god del for å få det til,
men resultatet blei ikkje så aller verst.
- Kva synest du..?

Her er det ikkje teke bilete i det siste,
og sidan jule framleis ikkje er kasta på dør,
er det litt julebilete til dagens innlegg!


Ønske alle ei fin og god veka!



Klemma frå Christine

fredag 6. januar 2012

2012...



..har ikkje akkurat starta slik eg ynskte..
Etter å ha vore slapp,
ingen krefter,
feber opp og ner,
hoste og vondt både her og der,
kunne legen i dag sei at eg hadde fått årets svineinfluensa.
Og om ikkje det var nok,
så var det mulig eg hadde lungebetennelse og..
snakk om svinaktig uheldig..


Då var det litt godt å finna pakke i posten då eg kom heimatt.
For berre nokre daga sidan bestilte eg nokre
fine hjarte hjå Barbro med bloggen Barbros lille atelier.
Ho kreerer så mykje fint,
og er ein kløppar med symaskina :)
Bambi hjarta skal eg behalde sjølv,
medan dei andre to skal bli gåver til to fine små tantebarn :)


Når ein ikkje orkar stort anna enn å halda senga,
er det godt at augene kan kvila på noko fint.
Dei fine tulipanane insisterte minstemann på å kjøpa
til meg då han var med hanepane på butikken i går.
Han syns det var så urettferdig at mamma skulle vera sjuk att,
så han ville oppmuntra meg.
Snakk om å varma mammahjarte... :)
Samstundes minner dei meg om vår og lysare tider.


Nei, da får vera nok "klaging" og sjølvmedlidenhet for i dag!!
No skal eg slappa av med ny innkjøpt lesestoff.
Komma meg til hektene,
og satsa på at året frå no av berre kan gå ein vei!!



- Ikke be om å få et lett liv,
be om å få bli et sterkere menneske.
Ikke be om oppgaver som tilsvarer kreftene dine,
be om krefter som tilsvarer oppgavene dine -

Philip Brooks

(Eg må jo snart vera lika sterk som Pippi eg då..;))



Ønske alle ei finfin helg!!



Klemma frå Christine





onsdag 4. januar 2012

Bursdagsrace



Mange synest det er godt når januar kjem.
Julemaset er ferdig og ein kan pusta ut.
Nytt år og nye forsett.
Hjå oss er januar nesten like travel som desember..
Her er det bursdagar i fleng,
og sukkerlens blir ein ikkje med det første ;)



Førstemann ut er hanepane!



Gratulera masse med dagen, 
kjære mannen min :)





Klem frå Christine



tirsdag 3. januar 2012

GODT NYTTÅR!!!



Eit nytt år har byrja.
Med blanke ark og fargestifta
kan me vera med på å farga dagane.


Eg har ingen nyttårsforsett for da nye året.
Men eg har HÅP.
Håp om betre form og helsa.
Håp om at familien ska få vera friske.
Håp om betre tid med familien.
Håp om betre tid til å ta vare på venna.
Håp om å strekka ut ei hand.
Håp om at dei tøffe dagane skal gjera meg sterkare.
Håp om at 2012 skal vera vårt år!


Og sjølv om året starta med sjukdom
og eg har måtta halda senga,
vel eg å tru at da no berre kan gå ein vei.
Det er oppover :)



GODT NYTTÅR!!
Måtte da bli fylt av håp og gode minner!




Klem frå Christine



LinkWithin

Related Posts with Thumbnails